Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

SALMEBOKA TID FOR TID

 

01.10.2015

Den siste etappen av salmestafetten Salmeboka tid for tid 2014/2015 i Jondal kyrkje, vart sungen på Helgemesssøndag. Kyrkjelyden i Jondal har no vore med og sunge alle Kyrkjeårssalamane frå nr.2-274. Gratulerer!


 

I kyrkjeåret har det med jamne mellomrom blitt invitert til å synge dei ulike kyrkjeårstidene vi går inn i. Dette var ein salmedugnad, der alle kunne vere med, både som vanleg kyrkjelyd og som solistar. 

Vi inviterte også til SALMEFEST i Jondal kyrkje søndag 20.september, kl.11.Her deltok Jondal Grendakor og Songlaget Alvidt/ Manger.

****
1.s. i advent 2013 tok kyrkja sentralt og også Jondal sokn lokalt i bruk Norsk salmebok 2013.
I kyrkjeåret 2014/2015 song Jondal sokn alle kyrkjeårssalmane frå 2-274
 
Desse arrangementa har vi hatt:
SYNG ADVENT, Salmeboka 2-26 i Jondal kyrkje, søndag 7.desember kl.15
SYNG JUL, Salmeboka 27-54 i Jondal kyrkje, laurdag 20.desember kl.13
SYNG JUL, Salmeboka 55-81 i Jondal kyrkje, laurdag 27.desember kl.13
SYNG NYÅR, Salmeboka 82-107, søndag 18.januar kl.11
SYNG FASTE, Salmeboka 108 -120, søndag 22.februar kl.09.30 og salmefrokost etter salmestunda
SYNG MARIA BODSKAPSDAG, Salmeboka 121-131, Maria bodskapsdag 22.mars kl.09.30 m/salmefrokost
SYNG PASJON, Salmeboka 132-144, torsdag 26.mars kl.16.15
SYNG PALMESØNDAG, Salmeboka 145-152, Palmesøndag 29.mars kl.09.30 m/salmefrokost
SYNG SKJÆRTORSDAG, Salmeboka 153-163, Skjærtorsdag 2.april kl.18.00
SYNG LANGFREDAG, Salmeboka 164-177, Langfredag 3.april kl.18.30
SYNG PÅSKEAFTAN, Salmeboka 178-185, Påskeaftan 4.april kl.09.30
SYNG PÅSKE, Salmeboka 186-197, 1.Påskedag kl 09.30 m/ påskefrokost og høgtidsgudsteneste
SYNG PÅSKE, Salmeboka 198 -215 , søndag 12.april kl.18.00
SYNG KRISTI HIMMERLFARTSDAG, Salmeboka 216-223, torsdag 14.mai kl.18.00
SYNG PINSE, Salmeboka 224-236, 1.Pinsedag 25.mai kl.09.30 m/salmefrokost
SYNG TREEININGSSØNDAG, JONSOK OG OLSOK, Salmeboka 237-252, torsdag 9.juli kl.20
SYNG HAUSTTAKKEFEST og MIKKELSMESS, Salmeboka 253- 260, søndag 27.september kl.11