Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

Neste Pilegrimstur - 2.juli 2020

 

09.07.2019

BLI MED PÅ PILEGRIMSTUREN 2020. Den er sett til 2.juli 2020. 
Greit å vite for deg som vil vere med på pilegrimsturen:
Dette er ein utruleg flott tur i storslagen vestlandsnatur. Turen er ein krevjande dagstur, svart løype, lengde vel 14 km, bratt oppstiging frå ca 550 m.o.h. til ca 1400 m.o.h  og etter fjellplatået, følgjer bratt nedstiging frå ca 1200 m.o.h til ca 300 m.o.h. Bratt oppstiging og nedstiging fordrar at ein ikkje slit med balanse- eller større kneproblem. Deltakarane må vere vane med ulendt terreng, vere i normal "fjellform" og vere utrusta med gode fjellsko, gjerne gamasjar, ha vottar/ lue og ull- vind- og regntøy i sekken, samt godt med niste. For å gå turen, må ein i utgongspunktet vere i stand til å gå turen på eigne bein ved eiga hjelp. Ved turstart eller seinast oppe ved ura snur dei som ikkje bør gå turen vidare.
 
Pilegrimsvegen er merka med varding, men dersom nokon vil gå turen utan turleiar, bør dei vere godt trente, fjellvante, godt utstyrte og kunne orientere seg etter kart med kompass. Der er dårleg eller ingen mobildekning på fjellpaltået. Dette er høgfjell, der er vêrhardt, vêr og vind kan skifte, og skodda kan kome fort og bli liggande tett og lenge. 
 
Pilegrimsturen 2019 hadde 9 deltakarar. Turleiar var Anne Karin Stormyr. Liturg var Stein Ove Skadal. Tekstlesarar var Astri Soldal, Reidun Gravdal og Sofie Flatebø. Vi starta med morgonbøn,Laudes, i Hardingarinden. Dei første timane, frå Hardingarinden og opp til Langedalshaugen gjekk vi i skodde, men heldigvis utan skodderegn. Oppe ved Langedalshaugen hadde vi ein matpause og middagsbøn, Sekst. Sokneprest Stein Ove Skadal var med på turen som liturg og god medhjelpar elles. Skodda letta litt etter litt, og lite snø gjorde at vi dette året gjekk på berget langs vardane på høgre sida av Langedalen opp mot Langedalstjørni. Det var veldig lite snø i fjellet, så ein del plassar der vi var vane med å få gå eller skri på snø, måtte vi no gå i ur og på berg. Å krysse utløpet til Langedalstjørni var første utfordringa som tok litt ekstra tid. Vanlegvis går vi berre ut på snø og over, no måtte vi klatre eit god stykke ned for å kome ned til snø"brua". Med så lite snø, blei turen mest som ny for dei som hadde gått her før på snørike somrar. Frå høgste varden innanfor Langedalstjørni og resten av turen hadde vi flott turvêr, sol og god sikt. Skoddehavet låg bak oss mot Jondal, og sjølve Folgefonna var skjult i mørk skodde. Vi såg litt spor etter rein og smale og mykje spor etter rype og smågnagarar. I løpet av turen letta 4-5 ryper langs vegen, og ein liten rypekjukling viste oss veg eit stykke oppover ovanfor Langedalen. Ved Høgstaleitet hadde vi ettermiddagspause med mat og tidebøna Non. Nedstiginga frå Eggi og ned til Reisæter gjekk fint for dei fleste, men lia er bratt og for nokon kom det vel med å ha ein god medvandrar som støttespelar. Fortroppen samlast til Vesper ved Streifsteinen på Reisæter, medan dei siste vart henta med buss heilt oppe ved leet. Så flott at det er tilrettelegt for å krysse elva med bru no, slik at alle som vil kan gå gamlevegen på"rette sida av elva" nedatt til bygda. Takk til alle som var med på pilegrimsturen 2019. Bilete frå turen vil bli samla og lagt ut via link her.
 
På pilegrimsturen 2018, 5.juli, var vi 39 deltakarar. Ein flott tur som byrja i skodde som gav sval oppstigning. Frå Langedalshaugen, på 1200 moh gjekk resten av turen i strålande sol, vindstille og fin temperatur. I tillegg til vandring og tidebøner, hadde vi dette året også kulturinnslag fleire stader. Anne Karin spelte brureslåttar på blokkfløyte frå Stafsetsamlinga på Langedalshaugen og ovanfor Langedalstjørni, vokalduett med Inger Elisabeth og Anne Karin framførte Magnushymnen ved Høgstaleitet, og vokaltrio med Inger Elisabeth, Åse Karin og Anne Karin framførte Jan Magne Førde sin Bruremarsj både ovanfor Langedalstjørni og ved Streifsteinen på Reisæter.  Takk til alle som var med på turen for flott deltaking, og vel møtt til ny vandring i 2019 og seinare. Referat frå pilegrimsturen 2018. I 2017 gjekk turen i strålande vêr med 47 deltakarar.

Førebels program:
Kl.09.00:         Privatskyss frå kaien i Jondal og til dalen.
Kl.09.30:         PILEGRIMSTUR langs Pilegrimsvegen
frå Øvre Krossdalen og over fjellet til Reisæter. Turen startar ved den merka pilegrimsvegen ved Botsvassvegen, ca. 2,7 km innover frå Skihuset/ Folgefonnvegen. Dette er ein krevjande dagstur, vel 14km lang med bratt opp- og nedstiging. Vi går frå ca 550 moh- 1400moh dei første timane, og dei siste timane ned Reisæterlia går vi frå ca 1200 moh og ned til ca 300 moh

Ved oppstart av pilegrimsturen 23.august 2015 vart den nyvarda Pilegrimsvegen offisielt opna. Flott stønad frå Marine Harvest fondet og frå Vestenfjelske Bykreditt Stiftelse har gjort det mogeleg å varde både Pilegrimsvegen og Buførevegen over høgfjellet.
Pilegrimsvegen og Buførevegen har felles trasé ned Reisæterlia. Buførevegens Vener har lagt ned eit stort arbeid- og har ved hjelp av gode stønadsytarar fått steinsett veg ned Reisæterlia. Denne delen av vegen vart offisielt opna i 23.august 2014.
 
 
Tidebønene Laudes, Sekst, Non og Vesper er åndeleg fellesføde på turen. Laudes ved oppstart, Sekst ved Langedalshaugen, Non ved Høgstaleitet og Vesper når vi er vel nede på Reisæter. 
 
Ca.kl.18.00:        Vesper på Reisæter, ved Streifsteinen (på Reisæter ovanfor Nå i Sørfjorden)
Ca.kl.18.30:        Returskyss frå Reisæter til Jondal
Turdeltakarar som kjem med ferja frå Tørvikbygd, kan reise frå Tørvikbygd kl.08.40 om morgonen, og truleg med retur frå Jondal kl.20.40 eller 21.30.
 
Turleiarar: kantor Anne Karin Stormyr m.fl. (Ta gjerne kontakt om du kan tenkje deg å vere som "ankermann/kvinne" eller som "førgongsmann/kvinne" :)
 
NB! Turen er ein krevjande dagstur, merka som svart turløype. Turen er vel 14km lang og har veldig bratt både oppstigning og nedstigning, byrjar på vel 500 moh og går opp til 1400 moh. Når vi har kryssa fjellplatået, går vi frå ca.1200 moh og ned til ca. 300 moh.
 
Turen føreset difor at turdeltakarane er i "fjellform", vant med å gå i ulendt og bratt terreng, og at ein ikkje har særlege balanse- eller kneproblem, eller elles har problem med oppstigingar eller nedstigingar. Turen går både over ur, myr og snø- og deltakarane bør ha fjellsko eller liknande godt fottøy. Regn- og vindtette klede, og godt med niste bør også vere med i sekken.
 
Turkontingent: Born kr.150,-/ Vaksne ca.kr.350-400 (Turkostnadane vert delt likt mellom turdeltakarane)
 
Påmelding til kantor@jondalkyrkje.no eller mobil 91394982 innan 30/6 - 2020
 
Dei 4 tidebønene vi nyttar på pilegrimsturen er skissert av Per Håkanson. Vidare er dei bearbeidd og tilpassa til norsk tidebøntradisjon ved Ståle Arne Vansvik og Anne Karin Stormyr har omsett til /tilrettelagt dei for nynorsk. 

Vegen vert også supplert med fleire skilt i løpet av 2020-2024. 

Velkomne med på pilegrimstur.

Beste helsing
Anne Karin Stormyr,
for Øvre Krossdalen Grendalag og Jondal sokneråd
*************************


LITT HISTORIE:

Den gamle pilegrimsvegen gjekk via Krossdalen, over Folgefonnhalvøya nord for breen,
ned til Sørfjorden og vidare opp til Røldal.


Sommaren 2004 vart den gamle pilegrimsvegen merka frå Krossdalen til Reisæter. Jondal Sokneråd & Øvre Krossdalen Grendalag har dei siste åra arrangert pilegrimstur over fjellet frå Krossdalen til Reisæter 
(søndag 25/7-04, laurdag 27/8-05, laurdag 15/7-06, laurdag 14/7-07, torsdag 10/7-08, torsdag 9/7-09, torsdag 8/7-10, torsdag 7/7-11, torsdag 26/7-12, torsdag 11/7-13, torsdag 10/7-14, søndag 23/8-15, torsdag 7/7-16, torsdag 6/7-17, torsdag 5/7-18 og måndag 8/7-19)
 
I tillegg til den faste turen, kan vi ha høve til å lage tur etter førespurnad. For slike spørsmål, nytt kontaktinfoen nedanfor. 
Og om du ønskjer høve til generelt å hive deg med på kort varsel, meld ifrå om at du vil stå på SMSliste, så får du melding 1-2 dagar i førevegen av ekstra turar & endra turar.

Søndag 23.august 2015 var det offisiell opning av nyvarda pilegrimsveg ved oppstart av Pilegrimsturen 2015. Firluftslivets år vart også markert undervegs. 39 pilegrimar vandra turen.
 
Torsdag 10.juli 2014 gjekk den årlege pilegrimsturen over Folgefonnhalvøya, frå Krossdalen til Reisæter.
31 deltakarar var med over fjellet i strålande sommarver. Undervegs feira vi 4 små gudstenester, tidebønene Laudes, Sekst, Non og Vesper. Turleiar og liturg var Anne Karin Stormyr, Ingrid Stranden Håvik var tekstlesar og Sigrid Brattabø Handegard var god ankerkvinne for følgjet.
 
Det var mykje snø i fjellet, så frå Langedalshaugen ovanfor Krossdalen og mest heilt fram til Reiseteegga, gjekk turen på snøfenner denne gongen.
 
Den tøffe nedstiginga på mest tusen høgdemeter frå Reiseteegga og ned lia mot Reisæter har vorte ei heilt anna for pilegrimsvandrarar etter den flotte innsatsen som no vert gjort med å steinsette Pilegrimsvegen/Buførevegen ned lia. Så vi rettar ein stor takk til Buførevegens Vener, eldsjeler og stønadsytarar som har gjort dette arbeidet mogeleg, og ein stor takk til dugnadsytarar og sherpaer for den flotte utføringa av arbeidet. Sommaren 2014 fekk vi ein stor stønad frå Marine Harvest fondet som gjorde det mogeleg også å få varde Pilegrimsvegen over fjellet- heilt frå Staberget ovanfor Hardingarinden i Krossdalen og fram til Vegaskiljet der Buførevegen og Pilegrimsvegen skilst åt innanfor Reiseteegga. Vardinga vart gjort av eit sherpateam under leiing av Sonam Tsering Sherpa alt nokre få veker etter tildelinga av stønaden. No er pilegrimsvegen både godt synleg i landskapet og meir tilgjengeleg for vandrarar også utanom organiserte turar. Vardane viser veg over høgfjellet.