Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

Vigsel i Jondal kyrkje

 

08.10.2019

De er velkomne til å ta kontakt med prest om de har spørsmål om vigsel. 
Sokneprest Stein Ove Skadal er å treffa på mobil  eller mail: prest@jondalkyrkje.no
Avtale om vigsel sommarstid må avtalast i god tid. 

På heimesida http://kyrkja.no/nb-NO/bryllup/ vil de finna meir informasjon. Der står også vigselsritualet i detalj.
 
Når det gjeld nødvendige papir som må ordnast, er det Folkeregisteret/Skattekontoret som må kontaktast.
 
Folkeregisteret/Skattekontoret tek seg av prøvingsattest.
Kvar av brurfolka og forlovarane må skriva under kvar sitt skjema, og senda til Folkeregisteret i god tid før vigselen. På bakgrunn av desse vert det utskreve ein prøvingsattest. Den er gyldig i 4 månader, og skal vera kyrkjekontoret i hende seinast 14 dagar før vigselen. 
 
Skjema finn de på www.skatteetaten.no
Vi kan vera behjelpelige med å finna fram til desse.
 
Bur du utanfor kommunen
Ordninga i Den Norske Kyrkja er slik at du som medlem i kyrkja vederlagsfritt har krav på alle kyrkjelege tenester på den staden der du er busett. Stillingsstorleikar og ressursar er fordelt etter mellom anna folketal.
 
Ynskjer du t.d. vigsel i Jondal utan å vere busett her må du difor betala ekstrakostnadane med dette.
 
Satsane for dette i Jondal er:
Leige av kyrkje inkl. kyrkjetenar, organist, reinhald, forbruksmatriell og oppvarming kr. 4500,-
Presten sine tenester for ein vigsel kostar p.t.kr 3.500,- 
Jondal sokneråd har gjort unntak for dei kyrkjemedlemmene som har foreldre fast busett i kommunen på det tidspunktet vigselen finn stad.

OBS: Unntaket gjeld ikkje prestens teneste siden prestene er tilsatt ved prostiet/bispedøme og ikkje lokalt.

Beløpet for prestens teneste vert p.t. fakturert av bispedømet med kr 3 500,- kr.

 
 
 
Andre nyttige lenkar er:
https://kirken.no/nb-NO/bryllup/