Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

Praktisk rettleiing ved dødsfall

 

22.01.2015

Kven skal ein kontakta
 
Helsepersonell: ved dødsfall i heimen, må lækjar kontaktast for stadfesting av dødsfallet. 
 
Lensmann: pårørande må kontakta lensmann. Han fører protokoll over dei som døyr i heradet, og treng opplysningar om slekt og arvetilhøve.
 
Kyrkjeverja: er offentleg gravplassforvalting, og formidlar bruken av gravplassane, uavhengig av livssyn og tilknytting. Verja kan svare på ynskje om gravstad og spørsmål i høve grav/festing av grav. Det er i Jondal vanleg med kyrkjeleg seremoni i samband med gravlegging, men ikkje eit krav.
 
Ved kyrkjeleg seremoni avklarer kyrkjeverja tidspunkt og stad med presten, i samråd med pårørande. Kyrkjeverja varsler kyrkjetenar, organist, gravar og evt Herand Bedehus om seremonien er der. Faste gravferdsdagar i Jondal er tysdag, torsdag, fredag.
 
Prest: ynskjer ein båreandakt for å samla familie og vener til ei avskjedsstund, enten heime eller på institusjon, vert presten gjerne med når det er ynskjeleg. Prest ynskjer å møta pårørande for å snakka meir om gravferda: salmar, minneord om den avdøde m.m.                           
Alle er velkomne til å ta kontakt med prest både før og etter gravferda!
Om den faste presten i Jondal ikkje er tilgjengeleg - er det alltid ein annan prest å nå . Kyrkjeverja formidlar kontakt.
 
Organist: dersom ein har spesielle ynskje i høve musikk i gravferda. 
 
Gravferdsbyrå: Kan koordinera og organisera alt det praktiske rundt gravferda.
 


Kva må ordnast med:
 
Dødsannonse: Hordaland Folkeblad tlf  56 55 00 20 , avisa kjem ut tysdag (lysingsfrist mandag kl 0900) og fredag (lysingsfrist torsdag kl 0900). Epost: annonse@hf.no 
Bergens Tidende tlf  55 21 48 50  Epost: rubrikk@bt.no 
Hardanger Folkeblad tlf 53 65 06 00 avisa kjem ut mandag, onsdag og fredag. Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no
Kiste: tingast gjennom gravferdsbyrå. På institusjon vert dette ordna der.
Stell av døde: kontakt gravferdsbyrå. På institusjon vert dette ordna der.
Transport av båre: dette er pårørande sitt ansvar.
Båretransport: 
1. Når avlidne er lagt i kista skal denne båra fraktast i bil til bårehus.
I Jondal er bårehuset ved kyrkja. Sjukehusa og einskilde gravferdsbyrå har eigne bårerom. 
2. Gravferdsdagen om morgonen skal båra fraktast frå bårehuset til seremonistaden om ein ynskjer seremoni. I Jondal Sokn er kyrkja eller Herand bedehus seremonistad.
- I Jondal kan ein trille båra på bårevogn frå bårerommet og fram til kyrkjetrappa.
Om pårørande ynskjer det kan bårevogna nyttast til å frakte kista bort til gravstaden etter seremonien.
- Til Herand bedehus er det frakt i bil.  I kyrkja/bedehuset er det sett fram bårekrakk med klede på. Når båra er plassert på bårekrakken er det klart for eventuell pynting.  
3. Etter seremonien: båra fraktast til gravplassen:
- Frå kyrkja til Jondal kyrkjegard kan berarane nytta bårevogn frå kyrkjedøra til gravstaden, eller dei ber heile vegen til grava om det ikkje er for langt.
- Til Herand gravplass nyttar ein bil til gravplassen. Om seremonien er på Herand bedehus kan ein trille på bårevogn frå bedehus til gravplassen.
- Ved bisetjing vert kista bore ut og plassert i ventande bil for frakt til kremasjonstaden. Urna vert i etterkant sendt til gjeldande gravferdsmynde der urna vert oppbevart til nedsetjing. Dag for nedsetjing vert avtalt med pårørande.  
 
Bilfrakt:
Ein kan leiga biltransport frå gravferdsbyrå. Det er og mogleg å frakta i annan høveleg bil om ein har tilgang til det. 
 
Bering av kista:
pårørande avtalar med seks personar til å vera med å bera kista ut av kyrkja, til grava eller til ventande bil/bårevogn.
 
Nedsenking: 
Pårørande avtaler kven som står for nedsenkinga. 
Berarane plasserar båra på gravstaden, og senker til slutt kista ned i grava, med hjelp av tau. 
På gravplassen i Herand har Herand bygdelag tilbod om senkeapparat. Senkeaparatet vert då lagt på grava om morgonen gravferdsdagen av gravarane, som kan gje instruksjon i bruk.
Nedsenking skjer ved hjelp av ein hendel. Pårørande avtalar kven som opererer hendelen. Ved bruk av gravferdsbyrå er dette ei oppgåve for gravferdsassistenten.  
 
Seinare, når seremonien ved grava er avslutta.
Gravarane legg jorda over, og pyntar med blomane gravfylgjet har teke med. Etter ei tid fjernar kyrkjegardsarbeidarane blomar og sløyfer. Pårørande kan evt fjerna sløyfer om dei ynskjer sjølv. Jordhaugen vert jamna etter ei tid. 
 
Gravminne:
- Gravminnet er festar sitt ansvar. Etter 9 månader og helst ein vinter, er det høve til å reisa eit gravminne på grava. 
Gravferdsbyråene kan formidla denne tenesta. Eller pårørande kan ordna dette sjølv. Regelverket finn de i gravferdslova. Gravminnet skal godkjennast av kyrkjekontoret. Det er avgjerande at gravminna vert forsvarleg sett opp og sikra. 
Leverandørar av gravminne, t.d.: Eide Stein, Eikner Stein, Sæthre Stein, Møre Stein. 
 
Treng de hjelp til oppretting av gravminne eller annan praktisk hjelp kan de
- kontakta gravferdsbyrå 
- kontakta Jostein Byrkjenes: tlf 900 37 802. Jostein bur i Jondal og har lang røynsle med slike oppdrag, 
- ordna det sjølv
 
 
Ved seremoni:

Trykking av salmar:

- GC-Media tlf  55 19 06 08 / 951 19 250  

- Øystese Trykkeri tlf  56 55 36 50,

- Odda Trykkeri, tlf 53 64 40 79

- Gravferdsbyråene kan ordna dette om ynskjeleg.

- Pårørande kan sjølvsagt stå for dette. 


 
 
TELEFONLISTE TIL BRUK VED DØDSFALL:
 
 
Kyrkjeverje Laila Bergsagel tlf  53 66 84 37  /  984 33 111  
Kontortelefonen er vidarekobla og eg er alltid tilgjengeleg. Legg gjerne melding om du ikkje når fram så ringer eg attende ved første høve. 
 
Frå 01.01.2019: Prest Tore Thomassen:915 44 855
 
Kantor (organist) Anne Karin Stormyr (fri onsdagar)  tlf 91 39 49 82
 
Vikevollen (pleie- og omsorgstenesta) tlf  53 67 53 00 
 
 
Lensmannen i Jondal tlf  53 67 52 00 
 
 
Transport av båre: gravferdsbyrå eller privat.
 
 
Hardanger & Kvinnherad Gravferdsbyrå, Tørvikbygd/Åsane, tlf  56 55 82 90  /  95 22 47 33 
Odda begravelsesbyrå, Digranes blomster, tlf 53 64 21 50
 
 
Herand Bedehus v/ Berit Tuvin tlf  53 66 81 07 
 
 
OM GRAVPLASS I JONDAL:
I Jondal har me 2 gravplassar, Herand gravplass og Jondal kyrkjegard. Gravferdslova gjev alle rett til fri gravferd i soknet dei høyrer til. 
 
OM FESTE:
Alle graver har ein festar, det vil seia ein person som står som ansvarleg eigar, kontaktperson. 
Festar ser til at gravminnet står støtt, og har ansvar for vedlikehald om det trengst.
 
Lokal fredingstid for gravene i Jondal er 30 år. Me reknar alle 30 åra for frigrav-periode, altså utan avgift.
Etter dei 30 åra kan ein forlengja festeperioden med 5 år om gongen. Dette vil de få brev om frå kyrkjekontoret. Om de ikkje ynskjer å forlenga festet, vert grava gjort historisk, og sletta. Gravminnet er festar si eigedom. Om gravminne på sletta grav ikkje er henta innan 6 månader tilfell gravminnet Jondal Sokn, som syt for destruering. Festar vil uansett verta kontakta før gravminne vert fjerna. 
 
Når grava er 60 år må det sendast særskilt søknad om ein ynskjer forlenging av festet. Det er då opp til soknerådet å innvilga ekstra feste for 5 år om gongen. 
 
OM STELL AV GRAV:
Det er mogleg å tinga stell-avtale for gravene. Ta kontakt med kyrkjeverja for avtale om årleg stell mot avgift.
Det er og mogleg å laga eit legat, der ein betalar inn eit større beløp som skal dekkja stell i fleire år. 
 
PRIS:
Feste: kr 200 / år
Gravstell: kr 1.250 / år 
Utanbygds gravferd: kr 8.000,- Dette gjeld om avdøde var busett utanfor Jondal Sokn. 
 
 
Ta kontakt for meir informasjon.
Laila Bergsagel, kyrkjeverje.