Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

Bli orgelpipefadder

 

14.03.2015

Tusen takk til dykk som har blitt orgelpipefadrar. Pr. 26/10-2015 har vi fadrar til 83 orgelpiper.

Over 1200 orgelpiper til ønskjer seg sin eigen fadder. Jondal kommune har nett passert 1100 innbyggjarar.
Tenk så flott om like mange eller fleire orgelpiper kunne få sin eigen fadder.

Velkommen som orgelpipefadder i Jondal kyrkje!
Orgelet er eit ”levande” instrument, og ved å bli fadder- er du med å hjelpe til at orgelet får den omsorga det treng.
Orgelet har ca 1300 piper fordelt på 26 stemmer som kvar har 56 ulike tonar frå store C til trestrøken f.

Fadderprisar pr. orgelpipe:
Dei minste pipene, trestrøken oktav -kr.150,-
Små piper, tostrøken oktav- kr.200,-
Mellomstore piper, einstrøken oktav- kr.300,-
Store piper, liten oktav- kr.400,-
Dei største pipene, stor oktav- kr.500,-

Betal ønska faddersum inn på kontoen til Jondal sokn: 3450.07.09679. Merk betalinga med namn og ”orgelpipefadder”.
Dersom du har særskilde ynskje om antal piper, tonar etc., skriv du også det som merknad på betalinga.
Fadrar er hjarteleg velkomne til å avtale besøk på orgelgalleriet  for å vitje, sjå og høyre fadderpipene sine 
Kontakt kantor om du ønskjer avtale tid for pipevisitt