Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

JONDAL GRENDAKOR

 

12.08.2019

Velkommen til nytt korsemester. Korstart for haustsemesteret er tysdag 20.august. Vi øver tysdagar kl.19-21 i Jondal kyrkje

Takk til Jondal Grendakor for ein fin korvår med Himlaleitekonsert, gudstenester, kyrkjespel og sommarkonsert med meir. Flott avslutning av vårsemesteret måndag 3.juni i Hardanger kulturgalleri saman med korpsa og kulturskulen/Solstråla. Og koseleg avrunding av semesteret med god mat og prat i gamlastovo på Tveite hjå Haldor og Berit etter konserten. Og hjarteleg velkomne                                                                                            

 

 

Velkommen alle songinteresserte til å bli med som korsongarar i grendakoret. Oppstart for haustsemesteret er tysdag 20.august. Hjarteleg velkomne.

Vi øver i Jondal kyrkje tysdagar kl.19- 21. Kom og bli med i ein fin og songglad gjeng som syng saman både i kyrkja og andre samanhangar, som gjerne er med på ulike samarbeidsprosjekt - og skaper samarbeidsprosjekt. Sjølv om vi pr. i dag er godt vaksne, ønskjer vi veldig gjerne medlemmer frå ungdomsskulealder og med fri aldersgrense oppad:) - Velkomne.

Vi tar veldig gjerne imot spørsmål om å vere med å synge både i profane og i sakrale settingar. Ta gjerne kontakt med Marit Grethe- 97780275.

JG- Framlegg til Semesterliste hausten 2019

Jondal Grendakor er medlemskor i Norges Kirkesangforbund sitt lokallag Bjørgvin Kirkesangforbund. Songarane har også samla eller enkeltvis høve til å ta del på arrangement via NKSF og BKSF. Gå gjerne inn på sidene deira og sjå kva som skjer.

20.mars 2019 hadde vi ein flott konsert i Jondal kyrkje - HIMLALEITE- saman med Berit Opheim, Jorunn Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet.

Våren 2019 var vi elles med på fleire gudstenester i Jondal kyrkje, vi var med på pasjonskveld langfredag, korkafé på Hauso og på Kyrkjespelet Deg å få skode saman med barnekor og konfirmantar.

Elles avslutta vi vårsemesteret-19 med den tradisjonelle sommarkonserten i Hardanger kulturgalleri saman med korps og kulturskuleelevar. Tusen takk for eit fint semester!

JUBILEUM

Jondal Grendakor kunne feire 30års jubileum på stiftingsdagen 1.september 2017. Alt 5.november-16 laga vi ein konsert på Jonsvoll saman med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad. Denne konserten var starten for 30-års jubileet vårt, og koret avslutta jubiléet med ei songgudsteneste i kyrkja, søndag 3.september-17.  Sjølve 30års dagen feira vi med jubileumskonsert  i Jondal kyrkje 1.september 2017 kl.19.30 saman med Solstråla, Hardanger Big Band (HBB), John Ole Morken og Lajla Buer Storli.

Over: 30års jubilanten Jondal Grendakor - etter Song-gudstenesta i Jondal kyrkje 3.september 2017
Nedanfor: 25års jubilanten Jondal Grendakor- etter Song-gudstenesta i Jondal kyrkje 2.september 2012 

 

Vedtekter

For stundom å kunne vere med i eit større kor, stifta songarar frå Jondal Grendakor regionskoret Hardangerkoret i 2008. Dette koret starta opp aktivt hausten 2009. Og fleire av korsongarane i JG hentar framleis ekstra inspirasjon ved å vere med i dette regionskoret som de finn info om på linken www.hardangerkoret.no