SOLSTRÅLA

 

25.04.2019

Hei alle i Solstråla.

1) Minner om kyrkjespelet torsdag 2.mai kl.16.00. Antrekk svarte bukser eller tights + einsfarga overdel (farge fritt valg. Kleda må vere gode å bevege seg i) Manus med alle tekstane finn de på konfirmantsida her på nettsida.

2) Velkomne med på Musica Sacra sommerkurs 26-20.juni på Bildøy, Bergen, gjerne saman med søsken og foreldre. Dei borna som spelar piano/orgel kan i tillegg til kor også vere med i orgelklubben. Eg, SIgrid og Pauline reiser. Og vi tar gjerne med oss ein eller fleire songarar frå Solstråla. Koret sponsar litt dei som blir med. Tak kontakt snarast med Anne Karin, om de vil vere med.

3) Laurdag 21.september kl.15.00 blir vi med på Leithaugkonsert i Utne kyrkje saman med Ullensvang barnekor, Utne barnekor, og gjerne fleire andre barnekor. VI møtest til kortreff kl.13, øver saman, og framfører truleg frå desse songane som stor felleskor: Skal vi være venner/ Vi må vere med/ Syng en sang om freden/ Rosa drøm/ Takk for den dagen/ Fly lille engel/ Jeg liker dine store ører/ Åpen linje

Førebels semesterliste våren 2019 er klar her.  

Kontingent for vårsemesteret kr.150,-  pr. songar betalast til Solstråla sin konto 3450.27.04542 innan 10.februar. NB! Søsken nr. 2,3 etc à kr.100,- pr semester.

Fast øvingstid i vår er tysdagar kl.14.00-15.15 i Jondal kyrkje. 

 

 

Tusen takk for eit fint haustemester, og for avslutninga heime hjå Anne Karin på Kvåle. Takk for fin song på arrangementa ved advent og juletider, og takk for fin song elles gjennom heile året. Takk for flott tur og deltaking på Ung Kyrkjesong Vest sitt vårtreff i Førde. Klikk på linken og sjå på bileta frå treffet. Sjå bileta frå Nils med hatten (forbundssekretæren i Ung Kirkesang)Solstråla øver som før, tysdagar kl.14-15.15 i Jondal kyrkje.

NB! Dersom du ikkje har vore med i Solstråla i vår, men ønskjer å vere med dette koråret (=skuleåret), sender føresett ei melding til kantor(krøllalfa)jondalkyrkje.no med namn, adresse, fødselsår & dato + telefon & mail til føresette. Aldersgruppe 4-7.klasse, og vi lagar eit kortilbod også for 1-3klasse, dersom nokon vil vere med frå den aldersgruppa-

Dersom du vil byrje i Solstråla, ber du mor, far, eller anna føresett sende mail med påmelding til kantor(krøllalfa)jondalkyrkje.no: Namn, adresse, fødselsdato/år, mobilnummer til føresette, mailadresse til føresette. Og så kjem du på neste øving. Hjarteleg velkommen.  (Hugs at koråret, følgjer skuleåret.)

***********

Solstråla og JU hadde årsmøte 15.februar. Vedlagt finn de Tillitsvalde 2018  Årsmelding 2017  Tillitsvalde 2017  Årsmelding 2016

Takk for at de melder frå pr SMS til 91394982 dersom det er nokon av dagane de ikkje har høve til å vere med. God vår. Mvh Anne Karin

Biletet: Solstrålar på kortreff våren 2017

Biletet nedanfor: Solstråla på Blåtimetur rett før jul 2016, vi song utanfor Spar undervegs til pizzamåltid på frivilligsentralen.

Semesterliste  Solstråla kl.1-5  kjem her

Meldingar frå våren 2018:

 

Velkomen til 17.mai. Då syng vi på gudstenesta kl.10.30. Songar: Fagert er  landet og Vårsol/ En edderkopp Antrekk : 17.mai klede. 

Pinseafta får vi vere med og opne det nye Landsbytorget ved ferjekaien i Jondal. De møter Kristine på Frivilligsentralen kl.12.45, får på korTskjorter og går saman bort til Landsbytorget, der de syng: Vårsol, En edderkopp, Bonse aba og /: Django django django, vi synger høyt i kor:/ Syng lalalalala, syng lalalalala, syng lalalal, syng lalala, syng la,syng la, syng la.

 

 

Tillitsvalde 2016   Årsmelding 2015   Vedtekter   

TEKSTLINKAR:

Julesongar for Solstråla

Lille Teodor og Jeger Bom-Bom.  Cantar,
Solstrålatekstar hausten 2015   Songtekstar til hausttreffet 7.november 2015 

Solstrålasongar til ljosmessa

Songar til Maria Bodskapsdag 13.mars

Solstrålatekstar til Kyrkjespelet 21.april 2016 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi starta våren friskt med songstund på Vikevollen torsdag 11.januar der vi song julesongane våre- og søndag 28.januar var vi med på nyårskonserten i Herand kulturhus. Der song vi En edderkopp/ Vann vann/ Give it up 

SEMESTERLISTE våren 2018.  NB endring - kulturskulekonsert 31.mai kl.18 og songstund på Vikevollen 31.mai kl 11.15. Øving måndag 28.mai og evt. konsertdeltaking på kulturgalleriet 7.juni kl.19.