Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

Roturar med kyrkjebåten 2020

 

11.07.2019

kvar onsdag 2020 truleg frå 17.juni til 12.august.

Sjå filminvitasjon frå 25.juli 2018   Sjå film-invitasjon frå 2017.  Ansvarsliste 2019.

 

Bli med på roturar med kyrkjebåten i 2020. Dette er ei flott oppleving for både store og små. Utfordringa går, ikkje minst, til dykk jondøler; Ver turist i eiga bygd! Bli med og ta ei rotak for felles turoppleving med kyrkjebåten! Velkomne til sommar på fjorden i kyrkjebåten. Bruk kyrkjebåten for gode fellesopplevingar og slik at vi sikrar at kyrkjebåten vert sjøsett kvar sommar også i framtida.

Kvar onsdag mellom 17/6 og 12/8 inviterer Kyrkjebåtens vener til roturar med kyrkjebåten. Kyrkjebåten er eit fint skue inst i Jondalsbukta, der han ligg ved kai ved Meieriet i heile sommar. Vi takkar for flott initiativ frå Per Eikeland.

Og vi inviterer til ny kyrkjebåtsommar.   

Kyrkjebåtens vener og Jondal sokneråd 

(foto: Johannes Eide)