Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

Pilegrimsturen 2015

 

26.08.2015

Årets pilegrimstur var eit av dei mange arrangementa som samla seg under paraplyen Klimapilegrim.

Søndag 23.august fekk 39 pilegrimsvandrarar ein kjempeflott pilegrimstur over høgfjellet nord for Folgefonna, frå Krossdalen til Reisæter. Etter ei veke med fint vêr men sterk vind i fjellet, fekk vi ein dag med mykje mindre vind og framleis strålande fint vêr. 

Ved turstart vart nyvarda pilegrimsveg høgtideleg opna. Før opning spelte Anne Karin Stormyr sin Pilegrimsfanfare på neverlur og Hallgeir Aase spelte eit opningsstykke på trompet før soknerådsleiar Magnar Sollesnes heldt opningstalen. Den nyvarda pilegrimsvegen vart så opna ved at Magnar Sollesnes frå Jondal Sokneråd og Anne Karin Stormyr frå Øvre Krossdalen Grendalag la ned ein felles grunnstein til ein liten opningsvarde, og jondalsordføraren Jon Larsgard la ned dei to toppsteinane på vegne av Jondal kommune og Ullensvang herad. Ordføraren kom så med ei helsing før opningsseremonien vart avslutta med Pilegrimsfanfaren på lur.

Undervegs på turen samla pilegrimsfølgjet seg i tidebønene Laudes (morgonbøn v/Hardingarinden), Sekst (Langedalshaugen), Non (innanfor Høgstaleitet) og Vesper (nede ved Streifsteinen på Reisæter). 

Det var flott å sjå kor godt dei nye vardane viser veg over fjellet. På høgfjellet hadde vardane klart vinteren veldig godt. To-tre av vardane opp lia på Krossdalssida hadde fått litt medfart av snø, ras? og vind, og treng litt førstehjelp- eventuelt flytting. Og skiltet i Vegaskiljet, der Pilegrimsvegen møter Buførevegen såg vi ikkje att, kanskje står det framleis under snø? Turen gjekk lett over fjellet, sidan det var faste, fine fenner å gå på. Turfølgjet tok årets fellesbilete oppe ved Langedalstjørn, der Sonam Tsering Sherpa team hadde reist opp ei flott steinhelle som naturleg varde. Rett innanfor Langedalstjørn har dei reist ein 2,5 m høg varde som ein kan sjå heilt frå Reisæteregga.  Hallgeir Aase hadde trompeten med i sekken, og ved den gamle varden Brakastauren, midtvegs inn på fjellet, fekk vi høyre fine trompettonar. Då vi kom til høgstaleitet var det fleire som såg reinsdyr, mellom anna ein flokk i Verafjell på minst 25 dyr. Vel inne i nasjonalparken, ved varden over Reisæter, vart Friluftslivets år markert ved Sigrid Brattabø Handegard for Folgefonn Nasjonalparksenter, tale ved Jon Larsgard på vegne av Norsk Kulturminnefond og musikk ved Hallgeir Aase-trompet.

På grunn av dei store snømengdene i fjellet denne sommaren var pilegrimsturen utsett frå 9.juli til 23.august, og no gjekk det fint å krysse både Skjortefonn øverst i Reisæterlia og Øykjavadet midtvegs nede i lia. Og etter at Pilegrimsvegen/ Buførevegen er steinsett ned lia, er Reisæterlia mykje enklare å gå enn før. Vel nede på Reisæter var Kåre Grønsnes og Jon Reiseter velkomstkommitté og serverte vandrarane kald og velsmakande eplesaft, før turen avslutta med Vesper- og pilegrimsfølgjet fekk buss-skyss attende til Jondal via Folgefonn- og Jondalstunnelen. Takk til alle som deltok på årets pilegrimstur, takk til alle som har vore med å gjere varding og steinsetjing av Pilegrimsvegen og Buførvegen mogeleg og takk til sherpateamet for vel utført arbeid.

 

Anne Karin Stormyr, kantor og kontaktperson for Pilegrimsvegen.<span lang="EN-US" style="font-size:16.0pt;font-family:Arial;mso-bidi-font-family:Arial; mso-ansi-language:EN-US">