LYSVAKEN 2018

 

07.11.2018

17. og 18.november. Sjå bilete og info. Invitasjonsbrev.

Neste LysVaken helg vert i 17. og 18. november 2018. Velkomne! Her vil de finne de info om timeplan, kva de treng ta med, vakt- og kontaktinfo. 

 

*********

Alle i 5-6kl. får invitasjon til å vere med på Lysvaken helg med overnatting i kyrkja kvar haust. Invitasjonen kjem til deg som brev. 

Her er bilete frå LysVaken 4-5.februar-17:

Øving til drama om den lamme mannen:

LysVaken-gjengen, i mål med gudsteneste-verkstad - klar for stafett og snapp

Gudsteneste i Jondal kyrkje. LysVaken gjer teneste som kor og med-liturgar,

 

Dei går inn i prosesjon til tonar frå J.S.Bachs toccata i d-moll, og er forsongarar på første salmen- N13 557 Du kalla oss til kyrkja.

Så presenterte dei seg med å synge LysVaken-songen. Dei var også med rundt altarringen med rørsler til Kyrie og Gloria.  Medan kyrkjelyden song N13 989- Søk først Guds rike- gjekk evangelieprosesjonen ned til midten av kyrkjeskipet.

Der vart evangelieteksten frå Markus 2, om den lamme mannen, lesen.

Litt seinare dramatiserte LysVaken-gjengen forteljinga om den lamme mannen. Her tek venene den lamme med seg fram mot eit hus der Jesus talar til ei stor folkemengd. Dei håper Jesus kan gjere den lamme frisk. 

Då dei kjem fram, ser dei at det er så fullt av folk at dei ikkje har sjanse til å kome fram til Jesus. Men dei kjem på noko lurt.

Dei tek mannen med seg på taket, lagar hol i taket og firer den lamme venen sin ned rett framføre Jesus.

Jesus seier: Son, syndene dine er tilgjevne.

Folkemengda: Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn ein- det er Gud?

Jesus: Kvifor går de med slike tankar i hjartet? Kva er lettast å seie til den lamme: Syndene dine er tilgjevne- eller: ”Stå opp, ta båra di og gå? Men for at de kal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder- (vendt til den lamme mannen) – så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim.

Og mannen reiser seg, takkar Jesus, tek båra si og går heim saman med venene sine

Folkemengda: Noko slikt har vi aldri sett.

Går du i 5-6.klasse til hausten? Vil du bli med på LysVaken i november 2017? Påmelding vert å sende til kyrkjeverje@jondalkyrkje.no, eller pr. post til Jondal kyrkjelydskontor, 5627 Jondal. Sjå invitasjonsbrev frå februar her. Nytt invitasjonsbrev kjem hausten 2017..

Alle får skriftleg invitasjon pr. post. Har du spørsmål, ring kyrkjelydskontoret på 53668437.