Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

MINIKONFIRMANT

 

03.09.2019

Alle som går i 5.klasse får Godt Nytt i gåve frå Jondal sokn. I år vart denne gåva utdelt på hausttakkefesten 20.oktober. Og dei er velkomne som minikonfirmantar i Jondal sokn haust/vår 2019/2020. 

Kvar haust, i oktober/ november, gjev Jondal kyrkjelyd GODT NYTT (Det Nye Testamentet- NT) i gåve til alle 10-åringane i Jondal sokn. NT er den boka som har dei nyaste bøkene i Bibelen. I år får de boka utdelt på Hausttakkefesten 20.oktober kl.16.00 i Jondal kyrkje.

Invitasjonsbrev som er sendt ut til utdeling av Godt Nytt.

Tysdag 26. november 2019 k. 15.15 - 16.45 er alle 10 og 11 åringar velkomne til minikonfirmant treff i kyrkja. Minikonfirmant klubben innebær nokre hyggeleg samlingar i løpet av haust og vår, der de vil bli betre kjent med Bibelen. Invitasjonsbrev er sendt ut til alle 10 og 11 åringar i Jondal Sokn. 

Invitasjonsbrevet som er sendt ut til minikonfirmantsamling.

Informasjon om minikonfirmant samlingar for våren 2020 vil bli lagt ut etter kvart. 
Noko som mange gler seg til kvar haust er Lys Vaken helgen i Jondal Kyrkje. I haust vert det Lys Vaken Helg laurdag 16. - søndag 17. november. Invitasjon er sendt ut til alle 10 og 11 åringar i Jondal Sokn. 

Invitasjonsbrevet som er sendt ut til Lys Vaken helg 2019.