Orgelresitasjonar (lunsjkonsertar) 2017

 

29.06.2016

Også sommaren  2017 vert det det orgelresitasjonar (minikonsertar) i Jondal kyrkje tysdagar kl.11.30. Og etter 30 minuttars konsert, er de hjarteleg velkomne ut i kapellet på kaffe/ te og enkel servering.

Er du musikar og har lyst til å vere med på eit lite konsertstunt, ta gjerne kontakt med kantor på 91394982.

Orgelresitasjonane er oftast ved Anne Karin Stormyr, orgel, stundom song og blokkfløyte. Og ho spelar som før nemnt gjerne saman med andre. Har du gløymt kornetten, saxen, fløyta eller fiolinen, kan du få låne instrument. Velkomne som publikum, og velkomne som utøvarar.

Døme på konsertstunt: 28.juni-16 vart Silvia Conzett frå Sveits med som gjestesolist på fiolin på eit slikt konsertstunt. Ho kom ein søndagsettermiddag, fann fram fiolinen måndagsettermiddag og var med på konsert tysdag. Saman med Anne Karin Stormyr spelte ho religiøse folketonar i arrangement av Henning Sommerro og utdrag frå Bachkantate. 

Silvia budde i Jondal sommaren 89 eller 90, og skreiv hovudoppgåve der ho samalikna bondekvinnerolla før og no i Krossdalen og Safiental i Sveits. Kvelden etter ho kom til bygda, opptrådte ho saman med Jondal Grendakor på 17.mai, og vart med i koret fram til sommarferien. Ho er framleis aktiv både som korsongar og som fiolinist i amatørorkester i byen Chur. På mini-konserten 28/6 spelte Silvia på fiolinen Anne Karin har fått etter spelemannen Ivar Martin Kvåle.