Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

Nytt fellesråd i ny kommune - Ullensvang

 

03.01.2020

Kommunesamanslåing gav kyrkjeleg fellesrådsamanslåing, sjå kommunal prosess

Nytt Ullensvang kyrkjelege fellesråd - frå 01.12.2019

og nye Ullensvang kyrkjelege fellesråd har snart si nye nettside opp og gå.

KYRKJEVERJE I (nye) ULLENSVANG KYRKJELEGE FELLESRÅD frå 01.01.2020:  Liv Eirill Evensen 

Kommunestyra i Odda, Ullensvang og Jondal vedtok å slå seg i lag til 1 kommune- den nye kommunen heiter Ullensvang kommune.. Då kyrkjeleg fellesråd følgjer kommunegrensa - gjeld nokre av dei same prosessane for kyrkjeleg forvalting; Dei 3 fellesråda: Jondal Sokneråd, Ullensvang kyrkjelege fellesråd og Odda kyrkjelege fellesråd, er nye Ullensvang kyrkjelege fellesråd frå 01.12.2019.

Sokna vert ikkje endra - og framstår stadig som robuste sjølstendige einingar. Fellesrådet som organ gjer sitt arbeid på vegne av sokneråda.  

Nye Ullensvang kyrkjelege fellesråd:  

Lars O.Seim - leiar

Tørres Mæland - nestleiar 

Kvart sokn har ein represenetant i det kyrkjelege fellesrådet. Jondal sin representant er Tørres Mæland og soknerådsleiar Cecilie Styrmo Stærnes er vara for Tørres.

I tillegg til dei 8 soknerådsrepresentantane, vert det peika ut ein geistleg og ein kommunal representant. Kyrkjeverja er sekretær for fellesrådet. 

Meir om fellerådet vert lagt til ved seinare høve, og protokollar etc. vert gjerne linka til denne artikkelen.

http://www.ka.no/sak/article/1438186

http://www.ullensvang.kommune.no