Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

På veg mot ny kommune og fellesråd.

 

15.02.2019

Kommunesamanslåing gjev kyrkjeleg fellesrådsamanslåing, sjå kommunal prosess

Nytt Ullensvang kyrkjelege fellesråd - frå 01.12.2019

og nye Ullensvang kyrkjelege fellesråd har snart si nye nettside opp og gå.

Her kjem fortløpande oppdateringar og info om prosess og hendingar i arbeidet framover mot 2020:

OBS frå 29.01 er kyrkjeverja i Jondal friteken frå prosessen og denne infosida vert ikkje fortløpande oppdatert. Info får ein direkte frå kyrkjeleg fellesnemnd v May Søfteland.

KYRKJEVERJE I (nye) ULLENSVANG KYRKJELEGE FELLESRÅD frå 01.01.2020:  Liv Eirill Evensen vart 29.01.2019 tilboden stillinga som kyrkjeverje i det nye Ullensvang kyrkjelege fellesråd med svarfrist 15/2. Ho har takka ja til stillinga, og me gratulerar Liv Eirill med stillinga.

29.01.2019 Ekstraordinært møte KFN Innkalling Protokoll

Prosjektplan etter 30.11.2018 

29.11.2018 Innkalling til møte i kyrkjeleg fellesnemnd  Protokollar frå møtet 29.11. vedlegg her

28.08.2018 Møte KFN Innkalling  Protokoll

09.03.2018: Hyggeleg at prosjektleiarane i kommune og kyrkje møtast sjå meir 

31.01.2018 er det møte i Odda; fyrst for det felles PSU. Deretter for Kyrkjeleg Fellesnemnd .

møter 31.01.2018:

PROSJEKTPLAN ETTER MØTET 31.01. REVIDERT 13.02

PSU - REGLEMENT  ETTER MØTET 31.01.2018 REVIDERT 05.02.

PRINSIPPDOKUMENT  ETTER MØTET 31.01.2018 REVIDERT 05.02

PROTOKOLL 31.01 FELLESNEMND

PROTOKOLL 31.01. PSU 

Det er frå 01.01.2018 tilsett prosjektleiar for arbeidet med samanslåing av dei 8 sokna i det nye kyrkjelege fellesrådsområdet Ullensvang, frå 01.01,2018 . Liv Eirill Evensen er prosjektleiar i 20% stilling - resterande 80% er ho kyrkjeverje i Odda der ho og har kontor. Me ynskjer Liv Eirill lukke til i arbeidet !

Kommunestyrene i Odda, Ullensvang og Jondal har vedteke å slå seg i lag til 1 kommune. Då kyrkjeleg fellesråd føl kommunegrensa - gjeld nokre av dei same prosessane for kyrkjeleg forvalting; Dei 3 fellesråda: Jondal Sokneråd, Ullensvang kyrkjelege fellesråd og Odda kyrkjelege fellesråd, skal dermed og slå seg i lag og verta 1 kyrkjeleg fellesråd. Sokna vert ikkje endra - og framstår stadig som robuste sjølstendige einingar. Fellesrådet som organ gjer sitt arbeid på vegne av sokneråda.  Prosessen fram mot samanslåing er i gong. Ta kontakt om de har spørsmål. Kyrkjeverjene er førebels administrativt ansvarlege.

Kyrkjeleg Fellesnemnd for nye Ullensvang kyrkjelege fellesråd:

Nytt frå 22.01.2019: Berit Tuvin nytt fast medlem frå Jondal i kyrkjeleg fellesnemnd etter Hans-Sigvard Galtung som er innvilga fritak for resten av perioden.

23.10.2017: Kyrkjeleg Fellesnemnd vart konstituert: Leiar May Søfteland, nestleiar: Hans-Sigvard Galtung*, kommunal representant: Olav B Hus, geistleg representant: Arild Hellesøy, medlem: Steinar Tokheim, Magne Hus, Oddvar Brakestad, Marianne Eide. Kyrkjeverjene har møte og talerett.

OBS frå 29.01.2019:* Nestleiar Hans-Sigvard Galtung går ut, Magne Hus overtek som nestleiar. Berit Tuvin rykker inn som fast medlem. 

http://www.ka.no/sak/article/1438186

http://www.ullensvang.kommune.no