BLI MED I SALMESONGEN

 

01.09.2018

Syng i kyrkje og i heim.

Velkomen til nye salmestunder i Jondal kyrkje våren 2019.

Då legg vi opp til salmestunder der enkeltpersonar eller grupper bestemmer halvparten av salmane, kantor har nokre temasalmar, og det er sjølvsagt rom for ønskjesalmar. Grunna auka arbeidsmengd jamfør samanslåingsprosessen, vert det ikkje slike samlingar hausten 2018.

Elles oppmodar vi deg til å ta fram salmeboka og synge eller lese heime, salmane vi har sunge på salmekveldane/ salmetimane. 

Vedlagt finn de link til programma for dei dei siste salmetimane i Jondal kyrkje:

2018.06.13  Henning Sommerro, Treeinings- og Jonsoktid & Ønskjesalmen

2018.05.23  Edvard Hoem, Vår & Sommar.

2018.04.11  Påskesalmane

2018,03.14  Litt faste, pasjon, påske & Petter Dass

2018.02.14  Fastetid & Anders Hovden

2018.01.17  Openberringstid & Elias Blix

2017.11.15  Luther Salmesong

Lukke til.

Og, dersom de ønskjer reprise på nokon av programma ovanfor, tek de kontakt med kantor. Så kan vi finne ny tid for programmet anten på galleriet eller i framme ved kordøra.