Di stemme tel i Kyrkjevalet 8.-9. september

 

05.06.2019

Er du ein av dei 3,7 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Da er stemma di viktig i Kyrkjevalet!

Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover. Korleis hadde lokalsamfunnet vårt sett ut utan kyrka? Korleis ville landet vårt vore utan ei folkekyrkje? Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg! 

Les meir om kvifor di stemme tel i Kyrkjevalet HER