Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

Mykje aktivitet i kyrkja i sommar!

 

02.03.2019

Det er mykje fin aktivtet i Jondal kyrkje gjennom heile sommaren, og me håpar at mange vel å ta turen innom kyrkja med vener og familie. 

 

 

Frå 24.juni til 18.august er denne vakre kyrkja open kvar dag for besøkande mellom kl. 10 - 20.

I same periode er det kyrkjebåtturar kvar onsdag kveld kl. 19. Kyrkjebåten går frå Jondal Båthavn og er gratis for alle. Redningsvestar kan leigas hos turistinformasjonen hos Juklafjord. Ein vakker tur som anbefalast sterkt. Se mere om KYRKJEBÅTTURANE.

Kvar tysdag kl. 11.30 vil det vera lunsjkonsertar med kantor Anne Karin Stormyr og andre besøkande. Konsertane varer 30 minutt, og det vert enkel servering av te og kaffe etter konsertane. 

Torsdag 20.juni og onsdag 3.juli kl.18 vert det salmekveld, kor vi høyrer og syng kjende og nye salmar saman.  

Det vert gudsteneste søndag 7.juli, 28.juli, 11.aug og 25.aug kl. 11. 

Og så vil me minne om Pilegrimsturen den 4. juli - sjå meir her: PILEGRIMSTUREN

25. august kl. 20 blir det flott sommarkonsert med Roald Engelberg. 

Me ynskjer dykk alle ein god sommar, og hjerteleg velkommen til Jondal Kyrkje! 

Sjå plakat

Tilleggsinfo: 

Vaktliste for åpen kyrkje