Kyrkjevalet 2019

 

08.08.2019

Her finn du informasjonen du treng for å gje di stemme ved kyrkjevalet 2019!

Er du ein av dei 3,7 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Da er stemma di viktig i Kyrkjevalet!

Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover. Korleis hadde lokalsamfunnet vårt sett ut utan kyrka? Korleis ville landet vårt vore utan ei folkekyrkje? Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg! 

Her kan du lese meir om kvifor di stemme tel i Kyrkjevalet 

Til soknerådsvalet 2019 i Jondal har en gjeng flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til soknerådet og leie kyrkjelyden dei fire neste åra. 

Her finn du lista over kandidatar til soknerådet i Jondal Sokn

Her kan du se ein enkel og oversiktelig forklaring på kyrkjevalet som viser soknerådsval og bispedømerådsval. 

Her finn du kandidatlister til Bjørgvin Bispedømerådsval. Her finn du 3 lister: 1. Bønnelista, 2. Nominasjonskomiteens liste og 3. Open folkekyrkje si liste. 

Førehandstemming: I Jondal kan du førehandstemme til Soknerådsvalet og til Bispedømerådsvalet ved å møte på kyrkjekontoret på tysdagar kl. 10-13 i perioden 13.aug - 5. sept. 

På valdagen den 9.sept finn du flg. valgting i soknet. 

HERAND stemmekrets: 09.09.2019 kl. 11 -17, Herand Kulturhus, Herand

KYSNES stemmekrets: 09.09.2019, kl. 13 - 17, Kysnes Ungdomsshus, Kysnesstrand

JONDAL stemmekrets: 09.09.2019, kl 10 - 20, Jondal Bedehus, Jondal

Her finn du nyttig informasjon om valet 2019

Valkurs for representantar frå soknerådet.

Rettleiingar for ymse mågrupper

Valhandboka elektronisk

VELKOMEN TIL KYRKJEVAL - HUGS AT DI STEMME TELLER!