Jondal kyrkje > Artikler > Nyheter

Bachmusikk og ny lyrikk

 

14.11.2019

v/ Kolbein Haga- orgel  og Odveig Klyve-lyrikk

Dei som kom til Jondal kyrkje fredag 8.november fekk oppleve 45 minuttar i eit eige og utruleg fint univers. Odveig Klyve sine ord smelta saman med tonar av Johann Sebastian Bach i ein meisterleg vev.

Dersom høvet byr seg på nytt, ønskjer vi utøvarane hjarteleg velkomne attende til Jondal kyrkje, veldig gjerne  med akkurat same program. Dette var så fint og vart at mange fleire kring Hardangerkatadralen bør nytt sjansen til å få med seg konserten, om det vert ein ny sjanse.

Anne Karin Stormyr, 14.11.2019

Organist Kolbein Haga og forfattar Odveig Klyve har ført ein samtale omkring Bachs komposisjonar . For poet så vél som for musikar har dette opna for nye landskap inn i menneskesinnet og i Bachs univers. Vi har no utvikla eit program med musikk og lyrikk som viser fram noko av denne refleksjonen.

Målet vårt har vore å skapa ein produksjon som avspeglar korleis vi som musikar og poet kan forska på barokkens komposisjonsformer som t.d. permutasjon, imitasjon og fortspinnung og la dette avspegla seg både som poesi og som dekonstruksjonar av Bachs musikk. Vi opplever at Bachs univers også kan romma oss som kunstnarar i dag, og meiner at vi som samtidskunstnarar kan skapa noko inspirert av dette musikalske verdsrommet. Dette ynskjer vi å formidla i eit program som involverer orgelverk av Bach saman med nyskriven lyrikk. Ordet og menneskerøysta spelar saman med utdrag og enkeltstemmer frå Bachs orgelverk i ei veksling mellom framføring av heile komposisjonar, dekonstruksjonar og dikt.

Kolbein Haga har lang røynsle som Bach-tolkar med konsertar i inn- og utland. Odveig Klyve har skrive ni diktsamlingar og har lang erfaring frå framføring av dikta sine, ofte i samarbeid med musikarar.