SALMEKVELD


I JONDAL KYRKJE TYSDAG 6/12,  kl.18.45 (enkel salmekveld 45 min.)

 

 

Bli med i ei syngande kyrkje. Plan for vårsemesteret kjem ved årsskiftet,

Frå i haust er dei faste salmekveldane tysdagar kl.18.45-19.30 ca. 1 gong i månaden. Salmekveldane vil gjerne ha ein salmegjest eller eit tema, og vi blir gjene litt betre kjend med ein salmediktar eller ein komponist. Salmekveldane varer i ca.40 minuttar.

Tysdag 15.november song vi frå salmar av salmediktaren Svein Ellingsen, sjå vedlagt program her.

Tysdag 11/10 hadde vi ein flott salmekveld i Jondal kyrkje med Eyvind Skeie, Jondal Grendakor og musikarane Ulf Krupka, Arild B.Nielsen og Stewart Barry.

Og Tysdag 25/10 hadde vi Elias Blix -kveld i Jondal bedehus, ved førelesar Haldor Tuvin og Jondal Grendakor. Indremisjonen serverte god kveldsmat undervegs i salmekvelden.

11.oktober hadde Jondal Grendakor og Jondal sokn den store gleda av å ønskje velkomne til salmekveld med salmediktaren Eyvind Skeie. Med som musikarar var Ulf Krupka- piano, Arild B.Nielsen- trompet/perc og Stewart Barry-kontrabass. Jondal Grendakorvar kor og forsongarkor under leiing av kantor Anne Karin Stormyr.

Tidlegare salmekveldprogram: 16.februar 2022,  16.mars 2022, 5.april. 2022, 20.april 2022, 10.mai 2022, 15.juni 2022.  30.august 2022, 20.september 202218.oktober 2022

Tysdag 5.april var det ein ekstra salmekveld i Herand bedehus. Haldor Tuvin fortalde om salmediktaren Edvard Hoem og Jondal Grendakor er med som forsongarkor.  Etter salmekvelden var det felles kveldsmat.

NB! Jfr. plakaten- 11.mai vart endra til 10.mai kl.18.45.

 

Sjå programma frå dei siste salmekveldane:  5.mai 2021   16.juni 2021   7.juli 2021   11.august 2021  8.desember 2021

8.desember song vi advent, og vi valde mellom desse salmane: 25, 19, 21, 23, 8, 9, 2, 3, 4, 7b, 24 og 26

Takk til Jondal Grendakor for korsong og Haldor Tuvin for forteljinga om Hans Nielsen Hauge i Jondal bedehus 

Vi oppmodar til å ta fram salmeboka og synge eller lese heime, generelt, etter tema eller kyrkjeårstid, eller salmar vi har sunge på tidlegare salmekveldar. Salmane for tysdag står på plakaten. Program frå tidlegare salmetimar finn de nedst i artikkelen. Salmekvelden frå 9.juni fann du her til 30.juni.

Syng i kyrkje og i heim. Våren 2020 var det tenkt 1 salmekveld i månaden i Jondal kyrkje. Salmekveld tysdag 24.mars vart avlyst grunna Korona. Salmekvelden for april og mai vart som video-opptak, Salmekveldane vidare har vore & vert arrangert etter til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar. 

Vi legg gjerne opp til salmekveldar der kantor har 3-4 temasalmar i byrjinga og salmegjest(ar) bestemmer resten av salmane.

Dersom enkeltpersonar eller ulike grupper kan tenkje seg å vere aktivt med som formidlar(ar), musikar(ar) eller songar(ar) på ein eller fleire av salmekveldane, er det flott om de kontaktar kantor. Hjarteleg velkomne med på salmekveldane anten som kyrkjelyd eller som medverkande. 

Vil du synge litt medan du ventar på neste salmekveld, finn du programmet frå første salmekvelden her.

Sjå oppdatert plakat på plakattavla, Info for Jondal sokn. 

 

2021.04.14 Salmekveld med Ida-Sofie og Silje-Margrete

2021.03.16 Salmekveld med koret som kyrkjelyd

2021.02.10 Salmekveld Tekstar av Svein Ellingsen

2021.01.27 Salmekveld i openberringstida

2020.02.18 

2019.11.19 Salmebokjubileum, kåseri

2019.07.03 Sommar, Olsok, Sande

2019.06.20 Pinse, Jonsok, Brun

2019.05.08 Påske, årstider, Bell

2019.04.03 Faste, pasjon, påske, Bjerkreim 

2018.06.13  Henning Sommerro, Treeinings- og Jonsoktid & Ønskjesalmen

2018.05.23  Edvard Hoem, Vår & Sommar.

2018.04.11  Påskesalmane

2018,03.14  Litt faste, pasjon, påske & Petter Dass

2018.02.14  Fastetid og Anders Hovden

2018.01.17  Openberringstid & Elias Blix

2017.11.15  Luther Salmesong

Lukke til.

Og, dersom de ønskjer reprise på nokon av programma ovanfor, tek de kontakt med kantor. Så kan vi finne ny tid for programmet anten på galleriet eller i framme ved kordøra.

 

 

Tilbake