Babysong våren 2023


Velkommen alle til ei lita song & aktivitetsøkt saman med Jondal Babysong i Peisestova på Vikevollen, tysdagsettermiddag 6.juni, kl.16.30-17. 

Vi set opp ein ekstra babysong på Vikevollen på ettermiddagstid, slik at det kanskje også går an for nokon av dei som har byrja i jobb igjen å vere vere med. Også de som kanskje har fått babyar våren-23 og ikkje har vore med før, er hjarteleg velkomne. Det er også veldig lov å kome åleine eller med eldre born. Anne Karin har med matter og teppe, og vi brukar noko av det same repertoaret som vi har brukt på den vanlege babysongen i kyrkja. 

SÅ ønskjer vi god sommar, og hjarteleg velkomne til babysong i kyrkja til hausten for dei som har høve til å vere med då. Plakat med datoar kjem før haustsemesteret startar. Samlingane vil vanlegvis vere på nokon torsdagar kl.12-13.

 

******************

Kontingent for våren-23 kr. 100,- pr barn og kr.100 pr. føresett, dvs samla kr. 200,- til 3450.35.41965 (Jondal Babysong. Merk betalinga med fornamn føresett og baby + V23.

 

Her er to små videoar som vart laga våren 2020 då vi mista fleire samlingar på grunn av korona. De må gjerne kome innom kyrkja via desse videoane.

Digital babysong frå 28/4-20    Digital babysong frå 5/5-20    

Babysongsamlingane er ein del av trusopplæringa i Jondal sokn.  Vi møtest nokre torsdagar kl.12-13 denne hausten, framme i Jondal kyrkje. Etter babysongen må de gjerne vere saman vidare på "småbarnskafé" framme i kyrkja. Alle born i aldersgruppa 0-2år saman med føresette (evt. andre vaksne) er hjarteleg velkomne.

Velkomne - Og lukke til med songen saman med borna dykkar. 

Kontingent Jondal Babysong våren 2023-  betal kr.200 (kr.100 for barn og kr 100 for føresett) til konto: 3450.35.41965, snarast og merk betalinga med fornamn + V2023

Grunna korona, måtte dei siste babysongsamlingane våren 2020 vere digitale. Her er ei digital utgåve. Bli med på alternativ Babysong i Jondal kyrkje 22.april 2020

Frå 2021H

Frå 2016H

Før babysong ved juletider:

Tilbake