Jondal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Bli med i Orgelklubben Hardanger


Orgelklubben Hardanger vart stifta i sommar. Folk i alle aldrar kan vere med som medlemmer i orgelklubben, og vi ønskjer born og unge særskild velkomne. Orgelklubben vil samle orgelinteresserte born, unge og vaksne på tvers av Hardangerkommunane. Og i løpet av kvart semester prøver vi å få til eit lokalt orgeltreff eller ein lokal orgeltur. Om du vil bli med i orgelklubben, betaler du kontingent for 2026 kr.100,- til Orgelklubben Hardanger sin konto 3626.77.97875 samstundes som du sender Namn, adresse, fødselsdato/år, telefon (føresettes telefon om du er under 18 år) og epost (føresettes epost om du er under 18 år) til Anne Karin Stormyr- sjå epostadresse under kontakt på denne nettsida. Velkomen som medlem i Orgelklubben Hardanger.

 

Melding til orgelelevane i Jondal pr.10/9: Det vert ikkje undervising fredag 11/9. Hjarteleg velkomne til neste undervisingsdag 18/9.

Melding 21/8: Hei til dykk som startar som orgelelevar i haust. Velkomne til undervisingsstart neste fredag. Om de ser at nokon dagar vert vanskelege på grunn av at de skal ut å reise eller anna, så kontaktar de Anne Karin slik at vi kanskje kan ha høve til å finne ei anna tid den veka. Det er også høve til å gjere lekser i kapellet, eller venter der før/ evt. etter time, om de skulla ha bruk for ein stad å vere mens de ventar. Hjarteleg velkomne neste fredag.

Vi har 4 orgelelevar i Jondal kyrkje hausten 2026. Om du ønkjer å stå på venteliste, melder du deg på snarast, så vert du av dei første som få tilbod, dersom det vert ledige plassar. Påmeldinga sender du til kantor Anne Karin. Sjå meir info om tilboda og om påmelding nedanfor ved å klikke på "les meir".

*****

Til dykk som er orgelelevar i Jondal kyrkje hausten 2026: Her er faktura for orgelundervising H2026 + kontingent Orgelklubben Hardanger 2026. Takk for at de betaler innan 1.september. Faktura for lærebok og evt. anna materiell vil kome seinare.

*****

Orgelundervising i Jondal  Dei 4 plassane som orgelelevar i Jondal kyrkje er fullteikna. Men, meld deg på, slik at du vert av dei første som får tilbod og undervising, dersom det opnar seg for fleire elevar. Påmeldingsfrist snarast. 

12.juni stifta vi Orgelklubben Hardanger (937 890 982). Orgelklubben vil vere eit samlandepunkt for alle orgelinteresserte born, unge og vaksne i Hardanger. Meir om orgelklubben vil snart vere å finne her. Sjølv om du ikkje er aktiv orgelev, men interessert i orgel og orgelmusikk, eller berre ønskjer å støtte arbeidet for orgelinteressa kan du melde deg som medlem i Orgelklubben Hardanger ved å betale kr.100 i kontingent for 2026 til bankkonto 3626.77.97875 og samstundes sende info om namn, adresse, epost og telefon (også føresettes epost og telefon, dersom du er under 18 år) og fødselsdato/år til Anne Karin pr.sms91394982. Merk meldinga med Orgelklubb. 

 

Tilbake