Jondal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Velkommen til open kyrkje i sommar


tysdagar og onsdagar kl.13.00-15.00 frå 14.juli-12.august. Jondal sokn inviterer til open kyrkje med kyrkjevert tilstades veke 29-33. Vil du vere løna kyrkjevert i veke 30-31, kontaktar du Anne Karin snarast.

Hei, du som er mellom 15- 18 år; 

VIL DU VERE LØNA KYRKJEVERT I JONDAL KYRKJE I SOMMAR?

Ledig liten sommarjobb som kyrkjevert i Jondal kyrkje for sommaren 2026, 

i veke 30-31. Vi har tilsett kyrkjevert for veke 29, 32-33

Vi har open kyrkje  tysdagar og onsdagar kl.13.00-15.00

Timeløn vert kr.200,- , dvs. kr. 800,- pr.veke. 

Viss dette er ein jobb du kan tenkje deg, 

ring/sms91394982 snarast.

Om du ikkje kan stille alle vekene, så kan vi dele jobben mellom fleire, slik at vi får dekka heile perioden.

Vi ønskjer å komme i gong igjen med opa kyrkje i Jondal. No må vi ha kyrkjevert(ar) som er fysisk tilstades medan kyrkja er open. Og difor inviterer vi til ein liten sommarjobb to timar to dagar i veka. Kyrkjeverten opnar kyrkja til opningstid, ryddar evt. litt og låser ved stengetid. Og kyrkjeverten er til stades ved inngongen/ inne i kyrkja dei to timane kyrkje er open. Ein liten arbeidsinstruks får du/de ved innføring i jobben.

Håper å høyre frå deg snarast.

Beste helsing Jondal sokn v/Anne Karin Stormyr 

 

Tilbake