Jondal sokn inviterer deg som er mellom 15-18 år til å søkje på ein liten sommarjobb som løna kyrkjevert i Jondal kyrkje. Hastetilbod. Søknadsfrist innan tysdag 7.juli. Klikk "les meir" og sjå utlysinga.
Utlysing sommarjobb som kyrkjejevert i pdf.fil
Hei, du som er mellom 15- 18 år;
VIL DU VERE LØNA KYRKJEVERT I JONDAL KYRKJE I SOMMAR?
Ledig liten sommarjobb som kyrkjevert i Jondal kyrkje for sommaren 2026,
frå og med denne veka, veke 28 og fram til og med veke 33.
Vi satsar på å ha fast opningstid to dagar i veka à to timar.
Timeløn vert kr.200,- , dvs. kr. 800,- pr.veke.
Viss dette er ein jobb du kan tenkje deg,
ring/sms91394982 snarast og seinast innan i morgon 7.juli.
Om du ikkje kan stille alle vekene, så kan vi dele jobben mellom fleire, slik at vi får dekka heile perioden. Du/ de som får jobben, er med og bestemmer kva to vekedagar som skal vere opne og mellom kva klokkeslett vi skal ha ope (same klokkeslett kvar dag, to timar innanfor kl.12-18)
Vi ønskjer å komme i gong igjen med opa kyrkje i Jondal. No må vi ha kyrkjevert(ar) som er fysisk tilstades medan kyrkja er open. Og difor inviterer vi til ein liten sommarjobb to timar to dagar i veka. Kyrkjeverten opnar kyrkja til opningstid, ryddar evt. litt og låser ved stengetid. Og kyrkjeverten er til stades ved inngongen/ inne i kyrkja dei to timane kyrkje er open. Ein liten arbeidsinstruks får du/de ved innføring i jobben.
Håper å høyre frå deg snarast og innan tysdag 7.juli
Beste helsing Jondal sokn v/Anne Karin Stormyr