Førebels program:
Kl.08.10: Privatskyss frå kaien i Jondal og til dalen.
Kl.08.40: PILEGRIMSTUR langs Pilegrimsvegen
frå Øvre Krossdalen og over fjellet til Reisæter. Turen startar ved den merka pilegrimsvegen ved Botsvassvegen, ca. 2,7 km innover frå Skihuset/ Folgefonnvegen. Dette er ein krevjande dagstur, vel 14km lang med bratt opp- og nedstiging. Vi går frå ca 550 moh- 1400moh dei første timane, og dei siste timane ned Reisæterlia går vi frå ca 1200 moh og ned til ca 300 moh
Ved oppstart av pilegrimsturen 23.august 2015 vart den nyvarda Pilegrimsvegen offisielt opna. Flott stønad frå Marine Harvest fondet og frå Vestenfjelske Bykreditt Stiftelse har gjort det mogeleg å varde både Pilegrimsvegen og Buførevegen over høgfjellet.
Pilegrimsvegen og Buførevegen har felles trasé ned Reisæterlia. Buførevegens Vener har lagt ned eit stort arbeid- og har ved hjelp av gode stønadsytarar fått steinsett veg ned Reisæterlia. Denne delen av vegen vart offisielt opna i 23.august 2014.
Tidebønene Laudes, Sekst, Non og Vesper er åndeleg fellesføde på turen. Laudes ved oppstart, Sekst ved Langedalshaugen, Non ved Høgstaleitet og Vesper når vi er vel nede på Reisæter.
Ca.kl.18.00: Vesper på Reisæter, ved Streifsteinen (på Reisæter ovanfor Nå i Sørfjorden)
Ca.kl.19.00: Returskyss frå Reisæter til Jondal
Turdeltakarar som kjem med ferja frå Tørvikbygd, kan reise frå Tørvikbygd kl.07.50 om morgonen, og truleg med retur frå Jondal kl.20.20 eller 20.50
Turleiarar: kantor Anne Karin Stormyr m.fl. (Ta gjerne kontakt om du kan tenkje deg å vere som "ankermann/kvinne" eller som "førgongsmann/kvinne" :) Ta også kontakt om du kan tenkje deg å vere med på merketurarar/ vedlikehald.
NB! Turen er ein krevjande dagstur, merka som svart turløype. Turen er vel 14km lang og har veldig bratt både oppstigning og nedstigning, byrjar på vel 500 moh og går opp til 1400 moh. Når vi har kryssa fjellplatået, går vi frå ca.1200 moh og ned til ca. 300 moh.
Turen føreset difor at turdeltakarane er i "fjellform", vant med å gå i ulendt og bratt terreng, og at ein ikkje har særlege balanse- eller kneproblem, eller elles har problem med oppstigingar eller nedstigingar. Turen går både over ur, myr og snø- og deltakarane bør ha fjellsko med godt grep både i snø og på berg. Regn- og vindtette klede. Vi går i høgfjellet, der vëret kan skifte fort, og vi anbefaler 2 x ull (dvs gjerne både ull på og ekstra sett i sekken, inklusiv ullvottar/hanskar, sokkar, lue/ pannaband/ buff) Klede og andre ting du ønskjer skal halde seg tørt, bør liggje i plastpose i sekken, også sjølv om du har regntrekk utanpå sekken. Ein boss-sekk (kan tene som regnskjørt eller anna) og plastposar (til evt. tørt sokkeskift i våte skor) er lurt å ta med. Og godt med niste bør også vere med i sekken.
Turkontingent: sjå plakat for 2026
Påmelding pr. sms91394982 innan kl.12.00, onsdag 1.juli 2026
Dei 4 tidebønene vi nyttar på pilegrimsturen er skissert av Per Håkanson. Vidare er dei bearbeidd og tilpassa til norsk tidebøntradisjon ved Ståle Arne Vansvik og Anne Karin Stormyr har omsett til /tilrettelagt dei for nynorsk.
Vegen bør kontinuerleg supplerast med skilt. Hjelp oss å sjå kvar de kunne tenkt dykk betre merking.
Velkomne med på pilegrimstur.
Beste helsing
Anne Karin Stormyr,
for Øvre Krossdalen Grendalag og Jondal sokneråd
*************************
Frå 2026 til arkiv:
Melding pr.6/7-26: Hei alle påmeldte til pilegrimsturen på torsdag. Så flott at de vert med. Vêrmeldingane er gode, så det ligg an til å bli ein fin tur. Pr. no er vi 11 personar i turfølgjet. Og vi følgjer oppsett tidsplan ( sjå plakaten på www.jondalkyrkje.no) Vi møtest ved Spar/ Jondal ferjekai. Her har vi namneopprop, og turkontingent og reis vert betalt før felles avreise opp til dalen. Vi køyrer frå Jondal ferjekai og opp til Hardingarinden med privatbilar. Eg trur vi treng 2 ekstra bilar i tillegg til min, bilar som er høge under, grunna anleggsveg. Viss nokon av dykk har høve til å stille med bil opp, melder de meg så snart de kan. Etter pilegrimsturen over fjellet, vert det felles skyss frå Reisæter og attende til Jondal. Dersom nokon har bilar oppe ved Hardingarinden, vert det ein fellesskyss opp for sjåførane slik at alle får henta bilane sine nedatt frå dalen. Alle må ha med det dei treng av mat og drikke sjølve. De bør gå i gode fjellsko, sidan vi går både i skog, myr, på berg og på snø. Og sjølv om det er fine meldingar, skal vi heilt opp på 1400 meter over havet, her kan vêret skifte fort, og ein bør ha med både vanntette, vindtette og varme klede i sekken. Klesskift i sekken må ein sørge for er tørre, gjerne både med vanntett pose i sekken og regntrekk som kan trekkjast over sekken om nødvendig.
Beste helsing Jondal sokn og Øvre Krossdalen Grendalag v/Anne Karin Stormyr, turleiar.
**********************
BLI MED PÅ PILEGRIMSTUR,torsdag 9.juli 2026. Påmelding skjer innan kl.12.00, måndag 6.juli 2026. Kostnad pr. deltakar kontingent kr.300 + skyss (Til fleire deltakarar, til rimelegare buss eller skyss for alle) Samla sum vert å betale pr Vipps til Jondal sokn 528816 eller kontant ved frammøte.
Greit å vite for deg som vil vere med på pilegrimsturen: - sjå nedanfor

Dette er ein utruleg flott tur i storslagen vestlandsnatur. Turen er ein krevjande dagstur, svart løype, lengde vel 14 km, bratt oppstiging frå ca 550 m.o.h. til ca 1400 m.o.h og etter fjellplatået, følgjer bratt nedstiging frå ca 1200 m.o.h til ca 300 m.o.h. Bratt oppstiging og nedstiging fordrar at ein ikkje slit med balanse- eller større kneproblem. Deltakarane må vere vane med ulendt terreng, vere i normal "fjellform" og vere utrusta med gode fjellsko, gjerne gamasjar, ha vottar/ lue og ull- vind- og regntøy i sekken, samt godt med niste. For å gå turen, må ein i utgongspunktet vere i stand til å gå turen på eigne bein ved eiga hjelp. Ved turstart eller seinast oppe ved ura snur dei som ikkje bør gå turen vidare.
Pilegrimsvegen er merka med varding, men dersom nokon vil gå turen utan turleiar, bør dei vere godt trente, fjellvante, godt utstyrte og kunne orientere seg etter kart med kompass. Der er dårleg eller ingen mobildekning på fjellpaltået. Dette er høgfjell, der er vêrhardt, vêr og vind kan skifte, og skodda kan kome fort og bli liggande tett og lenge.
NB! Pilegrimsturen 2025 vart framskunda til torsdag 3.juli grunna meldingar om mykje nedbør 5.juli. Sol og sky vart til opplett ca opp til Langedalshaugen, så møtte vi både hagl, regn, snø og vind, så ekstra skift i sekken kom godt med. Og vi rettar ein stor takk til Åse Marie som trakterte oss med varm te, kaffe og sjokolade i eldhuset sitt då vi var vel nede på Reisæter.
NB! Pilegrimsturen 2024 vart framskunda til onsdag 3.juli. Framskunda grunna løfte om betre vêr 3.juli enn 4.juli. Og vi fekk ein kjempeflott tur, og var glade vi framskunda, for dagen etter låg skodda og regnet tungt i fjellet.
LITT HISTORIE:
Den gamle pilegrimsvegen gjekk via Krossdalen, over Folgefonnhalvøya nord for breen,
ned til Sørfjorden og vidare opp til Røldal.
Sommaren 2004 vart den gamle pilegrimsvegen merka frå Krossdalen til Reisæter. Jondal Sokneråd & Øvre Krossdalen Grendalag har dei siste åra arrangert pilegrimstur over fjellet frå Krossdalen til Reisæter