Jondal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


SOLSTRÅLA


Melding 19/12-25: Julafta 24/12 møter vi kl.14.45 i kapellet og gudstenesta startar kl.15.00. Borna sit med familiane sine/ følgjet sitt. Antrekk - juleklede. Songar- Den første jul og En stjerne skinner i natt.

Korstart på nyåret ventar vi med til tysdag 13.januar, så vi har korfri i veke 1 og 2. 

NB! Og, alt no er det fint om de i tillegg set av laurdag 7.februar. Då kjem Bjarte Leithaug og har konsert saman med Solstråla i Jondal kyrkje. Nedanfor finn de eit infoark om Leithaugprosjektet inklusiv kva songar vi skal øve inn. Solstråla får gratis korlaurdag, så påmelding og pris på infoskrivet gjeld gjestande kor/ enkeltsongarar.     

For tidlegare meldingar og info elles, sjekk nedanfor eller på UKS

Info om Leithaugkonserten finn de her.

Tekstark til Leithaugkonserten kjem her

Tekstark Selmas sang

Tekstark til familiekonserten

Semesterliste S H2025

Semesterliste JU/S H2025

ARKIV:

Hei alle. Vi minner om semesterlista og at vi har korbesøk på Kvåle torsdagskveld 11/12. Det vert ikkje fjøsbesøk denne gongen, så difor endrar vi tida til at de kjem kl.18.30 i morgon. Alle er velkomne til å vere med frå kl.18.30- 20.30.Alternativ juleverkstad med song/ spel/ samling/ leik og mat. Og dei som går i 4 og 5.klasse kan overnatte om dei vil. På adventskonserten søndag 14/12 møter vi kl.15.30. Der syng vi Tenn et lys, Den første jul og En stjerne skinner i natt + at 5 kl.syng Vintertid og resten av koret er med på refrenget. Antrekk- korkappene. Tysdag 16/12 har vi ikkje øving, så 9/12 hadde vi koravslutning. Julafta 24/12 møter vi kl.14.45 i kapellet og gudstenesta startar kl.15.00. Borna sit med familiane sine/ følgjet sitt. Antrekk - juleklede. Songar- Den første jul og En stjerne skinner i natt.  Flott om alle gjev tilbakemelding på om de kan vere med/ikkje vere med på 1) Korbesøk og evt. overnatting 11/12, 2) Adventskonserten 14/12 3) Julafta 24/12 innan 11/12 kl.16 pr sms91394982

Melding 25/11-25: Hei alle, og tusen takk alle for flott innsats på familiekonserten i går.  Førstkomande søndag, 30.november kl.16.00 har vi Ljosmesse i Jondal kyrkje. Solstråla møter kl.15.30. Vi øver først, så tek vi på kappene. Vi er med i inngongsprosesjonen (syng Hosianna, Davids son) og ber levande ljos (dei som vil) og batteriljos (dei som vil det). Jenny/Enja tenner 1 adventslyset under fellessalmen i starten av gudstenesta. Ylva, Eline og Ida er solistar på Tenn et lys. I løpet av gudstenesta syng vi også Solbarn og Himmelen tonar av lovsong.  Etter gudstenesta er det julegrantenning ved blåhuset.

Melding 22/11-25: Hei igjen alle i Solstråla. Vi minner om familiekonserten no måndag 24.november kl.18.00 i Jondal kyrkje. Invitér gjerne med familie og vener til konserten. Enkel kveldsmat etterpå, for dei som har høve til å stoppe igjen. Viss nokon har høve til å bake ei kake eller bollar, sender de sms91394982 til Anne Karin, og så melder ho frå på fellesmelding når vi har nok folk som tek med noko. Antrekk: kor T-skjorter under kappene, så byrjer vi med kapper, og har siste del med T-skjorter. Frammøte for alle, innan kl.17.45. Dei som har lyst til å prøve på soloane sine i mikrofon, møter før kl.17.30.

Tilbake